Tilbake til alle arrangementer

OSEAN

  • Kraftmuseet 7 Naustbakken Tyssedal, Vestland, 5770 Norway (kart)

OSEAN tek publikum med på ei lydleg havreise gjennom korallrev og orkanar, tåkelurar, fugle- og kvalsong, drypande grotter og gløymde skipsvrak. Stemmer, trompet, gitarar, perkusjon og romklang smeltar saman i eit sanseleg og fysisk lydlandskap der rommet sjølv blir ein aktiv del av musikken.

Verket hadde urpremiere i Emanuel Vigeland sitt mausoleum i april 2023, og har sidan blitt framført i somme av landets mest særeigne rom – mellom anna ein nedlagd fiskeoljetank på Melbu i Vesterålen, kruttårnet på Munkholmen i Trondheim og Tune kyrkje i Sarpsborg. Kvar framføring har blitt forma av staden sin arkitektur, historie og akustikk.

Når OSEAN no kjem til «kraftkatedralen» Tysso I, møter musikken eit nytt rom prega av industrihistorie, kraftproduksjon, stål, stein og rå resonansar. Kraftstasjonen sin særeigne atmosfære vil gje verket nye klanglege og visuelle dimensjonar, og gjere konserten til ein unik versjon av OSEAN.

INFO og BILLETTAR:

https://kraftmuseet.no/konsert-med-stemmeklangparallax

Forrige
Forrige
23. mai

Stemmeklang + NyNorsk Messingkvintett - De Profundis

Neste
Neste
19. september

Stemmeklang + NyNorsk Messingkvintett + Parallax